Reise Sakspapir Crew/Sekretariat Kontaktinformasjon hovudsida Moro

Velkommen til LT08: retro-landstinget ;-)

Staden du møter likesinna
Hyperion er eit mangfald av foreninger som driv med alt frå levande rollespel, brettspel, datatreff, media og meir til digitale rettighetar og blankvapen. I oktober kan du møte desse!

Staden der ein blir samde som Hyperion sine gjeremål i framtida
Kor mykje penger skal Hyperion dele ut til foreningene? Kva skal kontingenten vere? Skal vi satse meir eller mindre på prosjekta? Kva prosjekt skal vi ha neste år? Kva skal dei langsiktige måla våre vere? Kven skal sitje i Forbundsstyret, Arbeidsutvalet, Desisjonskomiteen og Valkomiteen? Kven skal bli Generalsekretær? Kven skal bli Leiar? Desse og fleire spørsmål skal medlemsforeningene bli samde om på Landstinget.

Tidsskjema
Du finn informasjon om når ting skjer på tidsskjema-sida. Nye punkt vil bli lagt til etter kvart som dei er klare.

Siste nytt på landstinget.no...

Nettsida 2008.landstinget.no blir lagt ut av Andreas-Johann Ulvestad, 1. september 2008
No er nettsida for Landstinget 2008 lagt ut. Dei gamle nettsidene er arkivert under 2007.landstinget.no.
Landstinget er eit årleg møte som er morosamt, underhaldande, viktig, utfordrande, demokratisk, digitalt, analogt, lærerikt og arrangert av Hyperion N4F. Nettsida er laga av Andreas-Johann, og blir drifta av Gruppa for Utvikling og Drift.