Quiz og uformell underhaldning
Under Landstinget blir det i store pausar og om kvelden lagt opp til ein del
underhaldning. Quiz, leikar og meir vil bli satt opp for
at du skal ha det fint :-).
Dataspelområde
KANDU slår til og rigger opp eit område med mykje dataspel. Vi snakkar
Worms, X-Box, Playstation og meir retro ting som Sega, Nintendo 8-bit (NES) og
meir :-).
Demovisning
Om det er interesse for det, vil det bli satt opp demovisningar.
Pub
For dei over 18 år blir det pub fredag og laurdag kveld.
God mat
Som sagt på ein del arrangement i Hyperion: «mykje mat. god mat. typisk
Hyperion.»
Bankettmiddagen
Laurdag er det ein betre middag kor ein gjerne har på seg finklede. I fjor
var det ein halv kilo biff eller kyllingbryst til kvar person.. kva blir det i
år? PS: I år skal vi hugse grøntfôr ;-).
Landstinget er eit årleg møte som er morosamt, underhaldande, viktig, utfordrande, demokratisk, digitalt, analogt, lærerikt og arrangert av
Hyperion N4F. Nettsida er laga av Andreas-Johann, og blir drifta av
Gruppa for Utvikling og Drift.