Reise Sakspapir Crew/Sekretariat Kontaktinformasjon hovudsida Moro
Stad:Lillestrøm (HiAK, Kjeller) Dato:Fredag 24. til søndag 26. oktober 2008
Dekka:Billigste hensiktsmessige reisemåte Fly?For nokon.
TogstasjonLillestrømBusstoppKjeller

Kva er dekka?

Hyperion betalar for billigste hensiktsmessige reise til Landstinget. Øvste grense for reise er til vanleg 600kr, og ved behov for reise over 600kr må ein få det førehandsgodkjend. Fly dekkast vanlegvis ikkje med mindre den tilreisande bur nord for Trøndelag. Ta kontakt med Generalsekretæren for detaljar eller å be om auka reisedekning.
Økonomisk reglement har òg meir bakgrunnsinformasjon, men eigne reglar kan gjelde for Landstinget.

Flyreiser

Om du har fått innvilga reise med fly, reis til Gardermoen. Hugs at berre billigste reisemåte på fly OG til/frå flyplassen dekkast. Fullprisbillett på flytoget er ikkje dekka. Sjekk alltid prisar på tur/retur OG en vei med ulike selskap, ofte er det billigst å reise med to ulike flyselskap.

Bruk av eiga bil

Om du køyrer med eiga bil med fleire enn to eller fleire i bilen, er det ofte billigare enn tog, iallfall på Austlandet. Ta kontakt med Generalsekretæren for godkjenning av bilbruk om det er usikkert om det er billigst eller meist hensiktsmessig.

For dei som skal på forberedande seminar

Skal du på forberedande seminar, får du dekka dyrare reisemåte (t.d. direktefly fredagen) eller overnatting torsdag-fredag.

Reise i Oslo

Landstinget blir ikkje halde i Oslo, kollektivreise blir berre dekka TIL og FRÅ Landstinget.

Kor skal eg reise til?

Landstinget blir i Lillestrøm. Vi jobbar no med å få til bussar frå Oslo og Lillestrøm, meir info kjem.

Finn fram!

Adressa er Høgskolen i Akershus, Instituttveien 24, Kjeller.

Vis større kart, køyreskildring og meir
Landstinget er eit årleg møte som er morosamt, underhaldande, viktig, utfordrande, demokratisk, digitalt, analogt, lærerikt og arrangert av Hyperion N4F. Nettsida er laga av Andreas-Johann, og blir drifta av Gruppa for Utvikling og Drift.